Hopp til innhold
Skip to Navigation hotkey

Overnatting

Sovne i ei god seng – mett av inntrykk. Vakne til den vage lyden av humler som susar, og lukta av doggvått gras. Haukdalen i Lom gjev deg ei overnatting du neppe gløymer.

Her er det korkje store flatskjermer på romma, eller minibar. Ikkje har vi nattklubb eller treningssenter heller.

Men om du tek til takke med ei god seng i ei triveleg tømmerstugu, naturens eige treningssenter, og omgjevnader med lykkerusgaranti, er du hjarteleg velkomen til å overnatte hjå oss.

Du skal sjølvsagt ikkje reise svolten frå oss. Du rår deg sjølv om du vil ordne deg litt bite sjølv, eller om vi skal varte opp med ein enkel frukost for deg.

Og du: huks at morgonkaffen i Haukdalen smakar best når du set deg på dørhella ute.

Ta kontakt for å bestille overnatting

 

Back to top