Hopp til innhold
Skip to Navigation hotkey

Omvisning i kunstnarheimen

Bli med inn i heimen til Kitty Wentzel for å sjå korleis livet til ho og mannen Gustav Wentzel var.

Kitty Wentzel var tippoldemora til dagens eigarar av Haukdalen. Ho var ei stor kulturpersonlegheit som var kjend både som biletkunstnar, journalist, skodespelar og forfattar.

Kitty var gift med den kjende målaren Gustav Wentzel, og skreiv også ein biografi om Gustav.

I 1923 kjøpte ho Haukdalen, og sette sitt særpreg på det idylliske småbruket.

Ein del av arbeida til kunstnarparet Wentzel er framleis å finne på garden. Det er også andre gjenstandar, mellom anna klede, fotografi og mykje meir, som Kitty samla gjennom eit rikt liv som var levd i fleire land.

Om du vil, tek vi deg gjerne med på ei vandring på den gamle skogsstigen til Furuheim, der Gustav Wentzel hadde atelieret sitt.

Back to top