Hopp til innhold
Skip to Navigation hotkey

Tradisjonsrik idyll i vakkert kulturlandskap

Haukdalen Kulturformidling ligg idyllisk til å Lia i Lom. Her har du tid til å berre vera. Høyre humla suse. Kjenne lukta frå den innhaldsrike hagen. Vandre blant dei gamle tømmerbygningane på tunet.

Det har budd folk i Haukdalen sia 1700-talet. Sjølv om det ikkje lenger er så mange andre husdyr der enn nokre små, trivelege firbeinte, er det ikkje travaleg å få ein smak av den gamle småbruksidyllen i det flotte kulturlandskapet.

Opplevingar

Haukdalen er kanskje mest kjent for den fine hagen med alle dei flotte plantene. Her er det eit stort mangfald av både nytteplanter og prydplanter.

Det var Kitty Wentzel, oldemora til Åse Marstein, som bygde opp den flotte hagen.

Dagens drivarar legg vekt på å ta ordentleg vare på kulturlandskapet, og tek deg gjerne med på ei hagevandring.

Du kan også bli med inn i heimen til Kitty Wentzel for å sjå korleis livet til ho og mannen Gustav Wentzel var.

Ein del av arbeida til kunstnarparet er framleis å finne på garden.

Om du vil, tek vi deg gjerne med på ei vandring på den gamle skogsstigen til Furuheim, der Gustav Wentzel hadde atelieret sitt.

Om sommaren arrangerer vi målarkurs og andre tilstelningar som kler småbruksidyllen på garden.

Vi har enkel servering, og tilbyr også overnatting.

Opningstider

Haukdalen er til vanleg open for besøkjande etter avtale i juni, juli og august.

Men om du ynskjer å koma besøk utanom sesong, er vi ikkje verre på det enn at vi gjer så godt vi kan for å få til noko.

Tilbake til toppen