Hopp til innhold
Skip to Navigation hotkey

Malekurs

Lyst til å lære å male i dei mest inspirerande omgjevnadene du kan tenke deg? Bli med på malekurs i Haukdalen.

Kvart år arrangerer Haukdalen Kulturformidling malekurs.

Med den flotte naturen og dei gamle tømerbygninga tett på, er det lett for deg som deltakar å få inspirasjon.

Med såpass mange inntrykk, er det lett å la seg rive med. Difor blir du ikkje bunde opp til strenge rammer og begrensningar under malekurset. Hjå oss står du fritt til å velje motiv, abstrakt eller figurativt, stilleben, akryl- eller oljemåling.

Det er ikkje berre den flotte naturen som gjev næring til svoltne kunstnarspirer som tek turen til Haukdalen i Lom. Kunstnarparet Kitty og Gustav Wentzel budde lenge på småbruket, og du kan sjølv sjå maleri og skisser frå både Wentzel og andre samtidskunstnarar.

Har du lyst til å bli varsla neste gong vi arrangerer eit kurs?

Ta kontakt for å få informasjon om malekurs

Back to top