Hopp til innhold
Skip to Navigation hotkey

Hagevandring

Eit sjelda mangfald av planter i eit flott kulturlandskap. Det er ei oppleving vi kan love at du får når du blir med på hagevandring i Haukdalen.

Ei burtgøymd perle for hageinteresserte. Det er nok eit slik inntrykk mange sit att med etter å ha besøkt Haukdalen for fyrste gong.

For eit slikt mangfald av nytte- og prydplanter er det nok ikkje mange som ventar seg når dei svingar opp frå Lom sentrum og fortset nokre kilometer opp blant turr skogbotn.

Men når du etter kvart tek av vegen, og køyrer (eller kvifor ikkje ta beina fatt) ned mot den bregrønne Ottaelva, kjem du ned til eit kulturlandskap av dei sjelden.

Ein stor hage med flott utsikt mot Jotunheimen. Her kan du oppleve eit fantastisk mangfald av planter. Enkelte er berre vakre å sjå på. Andre er ein fryd både for syns- og smakssansene.

Dagens drivarar legg vekt på å ta ordentleg vare på kulturlandskapet, og tek deg gjerne med på ei hagevandring.

Bli med inn, da vel!

Back to top