Hopp til innhold
Skip to Navigation hotkey

Bok: Bordets glæder

«Der er kokebøker nok», heiter det i innleinga til boka «Bordets glæder – mat og vin til hverdag og fest». Men er det ei kokebok du bør ha, er det så absolutt denne.

Kitty Wentzel skreiv denne kokeboka saman med Øvre Richter Frich, og er rett og slett ein stor hyllest til god mat og drikke i gode veners lag.

Ikkje berre får du nyttig bakgrunnskunnskap om kokekunst i ulike deler av verda og oppskrifter på smakfulle basisrettar. Her er det også oppskrifter på signaturrettar frå kjende personlegheiter som Oda Krogh og Hulda Garborg.

Eller kanskje det også kan freiste med ein eigen nachspielmeny? Det finn du faktisk i denne boka.

Boka kom opprinneleg ut i 1925.

Pris: Kr. 250,- + frakt

Ta kontakt for å bestille boka

Bilde av boka Bordets Glæder av Kitty Wentzel
Back to top