Hopp til innhold

Skip to Navigation hotkey

Malekurs i Haukdalen

Malekurs i Lom, 4. - 6. juli 2019. Ingermarie Eriksen deler sine erfaringer med farger, teknikk, motiv og perspektiv. Ta med eget måleutstyr. Enkel servering. Nybegynner eller erfaren alle er like velkomne. Påmelding: liv@haukdalen.no Eller mobil til Liv Tone 99785882

Les meir
Bok: Gustav Wentzel

Bok: Gustav Wentzel

Boka "Gustav Wentzel" er skrive av Kitty Wentzel, kona til Gustav gjennom mange år, og skildrar store deler av livet til den kjende kunstaren. Boka handlar om livet til Wentzel frå slutten av 1800-talet til han gjekk burt i Lom i 1927, og skildrar godt kunstnarmiljøet i Christiana. Vi blir også kjende med kunstnarvenene til Wentzel. "Gustav Wentzel" syner ei rekkje av arbeida til kunstnaren, dels som fargebilete. Denne boka er eit nytt opplag som vart trykt opp i samband med jubileet i 2009. Pris: Kr. 300,- + frakt. Ta kontakt for å bestille boka

Les meir
Bok: Mitt livs karusell

Bok: Mitt livs karusell

Boka "Mitt livs karusell" er sjølvbiografien til Kitty Wentzel. I denne sjølvbiografien kan du bli med på den spanande livsreisa til Kitty. Og det er litt av ei reise det er snakk om. Vi får innblikk i barne- og ungdomsåra i Christiania og Trondhjem, og ikkje minst fantastiske skildringar frå eit rikt liv som skodespelar og journalist. Naturleg nok sluttar boka med herlege skildringar frå livet i kunstnarheimen i Haukdalen i Lom "Gustav Wentzel" syner ei rekkje av arbeida til kunstnaren, dels som fargebilete. Denne boka er eit nytt opplag som vart trykt opp i 2010. Pris: Kr. 250,- + frakt Ta kontakt for å bestille boka

Les meir
Bok: Bordets glæder

Bok: Bordets glæder

"Der er kokebøker nok", heiter det i innleinga til boka "Bordets glæder - mat og vin til hverdag og fest". Men er det ei kokebok du bør ha, er det så absolutt denne. Kitty Wentzel skreiv denne kokeboka saman med Øvre Richter Frich, og er rett og slett ein stor hyllest til god mat og drikke i gode veners lag. Ikkje berre får du nyttig bakgrunnskunnskap om kokekunst i ulike deler av verda og oppskrifter på smakfulle basisrettar. Her er det også oppskrifter på signaturrettar frå kjende personlegheiter som Oda Krogh og Hulda Garborg. Eller kanskje det også kan freiste med ein eigen nachspielmeny? Det finn du faktisk i denne boka. Boka kom opprinneleg ut i 1925. Pris: Kr. 250,- + frakt Ta kontakt for å bestille boka

Les meir
Overnatting

Overnatting

Sovne i ei god seng - mett av inntrykk. Vakne til den vage lyden av humler som susar, og lukta av doggvått gras. Haukdalen i Lom gjev deg ei overnatting du neppe gløymer. Her er det korkje store flatskjermer på romma, eller minibar. Ikkje har vi nattklubb eller treningssenter heller. Men om du tek til takke med ei god seng i ei triveleg tømmerstugu, naturens eige treningssenter, og omgjevnader med lykkerusgaranti, er du hjarteleg velkomen til å overnatte hjå oss. Du skal sjølvsagt ikkje reise svolten frå oss. Du rår deg sjølv om du vil ordne deg litt bite sjølv, eller om vi skal varte opp med ein enkel frukost for deg. Og du: huks at morgonkaffen i Haukdalen smakar best når du set deg på dørhella ute. Ta kontakt for å bestille overnatting  

Les meir
Malekurs

Malekurs

Lyst til å lære å male i dei mest inspirerande omgjevnadene du kan tenke deg? Bli med på malekurs i Haukdalen. Kvart år arrangerer Haukdalen Kulturformidling malekurs. Med den flotte naturen og dei gamle tømerbygninga tett på, er det lett for deg som deltakar å få inspirasjon. Med såpass mange inntrykk, er det lett å la seg rive med. Difor blir du ikkje bunde opp til strenge rammer og begrensningar under malekurset. Hjå oss står du fritt til å velje motiv, abstrakt eller figurativt, stilleben, akryl- eller oljemåling. Det er ikkje berre den flotte naturen som gjev næring til svoltne kunstnarspirer som tek turen til Haukdalen i Lom. Kunstnarparet Kitty og Gustav Wentzel budde lenge på småbruket, og du kan sjølv sjå maleri og skisser frå både Wentzel og andre samtidskunstnarar. Har du lyst til å bli varsla neste gong vi arrangerer eit kurs? Ta kontakt for å få informasjon om malekurs

Les meir
Omvisning i kunstnarheimen

Omvisning i kunstnarheimen

Bli med inn i heimen til Kitty Wentzel for å sjå korleis livet til ho og mannen Gustav Wentzel var. Kitty Wentzel var tippoldemora til dagens eigarar av Haukdalen. Ho var ei stor kulturpersonlegheit som var kjend både som biletkunstnar, journalist, skodespelar og forfattar. Kitty var gift med den kjende målaren Gustav Wentzel, og skreiv også ein biografi om Gustav. I 1923 kjøpte ho Haukdalen, og sette sitt særpreg på det idylliske småbruket. Ein del av arbeida til kunstnarparet Wentzel er framleis å finne på garden. Det er også andre gjenstandar, mellom anna klede, fotografi og mykje meir, som Kitty samla gjennom eit rikt liv som var levd i fleire land. Om du vil, tek vi deg gjerne med på ei vandring på den gamle skogsstigen til Furuheim, der Gustav Wentzel hadde atelieret sitt.

Les meir
Hagevandring

Hagevandring

Eit sjelda mangfald av planter i eit flott kulturlandskap. Det er ei oppleving vi kan love at du får når du blir med på hagevandring i Haukdalen. Ei burtgøymd perle for hageinteresserte. Det er nok eit slik inntrykk mange sit att med etter å ha besøkt Haukdalen for fyrste gong. For eit slikt mangfald av nytte- og prydplanter er det nok ikkje mange som ventar seg når dei svingar opp frå Lom sentrum og fortset nokre kilometer opp blant turr skogbotn. Men når du etter kvart tek av vegen, og køyrer (eller kvifor ikkje ta beina fatt) ned mot den bregrønne Ottaelva, kjem du ned til eit kulturlandskap av dei sjelden. Ein stor hage med flott utsikt mot Jotunheimen. Her kan du oppleve eit fantastisk mangfald av planter. Enkelte er berre vakre å sjå på. Andre er ein fryd både for syns- og smakssansene. Dagens drivarar legg vekt på å ta ordentleg vare på kulturlandskapet, og tek deg gjerne med på ei hagevandring. Bli med inn, da vel!

Les meir
Tilbake til toppen