Hopp til innhold
Skip to Navigation Skip navigation

Haukdalen Kulturformidling ligg idyllisk til å Lia i Lom. Her har du tid til å berre vera. Høyre humla suse. Kjenne lukta frå den innhaldsrike hagen. Vandre blant dei gamle tømmerbygningane på tunet.

Du kan også bli med inn i heimen til Kitty Wentzel for å sjå korleis livet til ho og mannen Gustav Wentzel var.

Ein del av arbeida til kunstnarparet er framleis å finne på garden.

Om du vil, tek vi deg gjerne med på ei vandring på den gamle skogsstigen til Furuheim, der Gustav Wentzel hadde atelieret sitt.

Om sommaren arrangerer vi målarkurs og andre tilstelningar som kler småbruksidyllen på garden. Vi har enkel servering, og tilbyr også overnatting.

 

Tilbake til toppen