Haukdalen
Kitty Wentzel
Gustav Wentzel
Bokutgjevingar
24. riksdaler
Utleige av hytter

I Kitty Wentzels hage

Malekurs

Taksert til 24 riksdaler 
Haukdalen er eit småbruk  på solsida i Flatmogrenda i Lom kommune. Haukdalen var saman med åtte bruk her i Lia dømt for å ha sett seg ned i Kongens Allmenning. I 1731 vart husa taksert for 24. riksdalar. Saman med dei andre bruka gjekk ein for alle til Kongen i København og fekk Kongeskjøte på plassane. Så fekk dei kjøpt attende plassane den 3. mai 1779 for til saman 990 riksdaler. Det er sikkert at det i dette område har vore busetjing i lang tid. Det vitnar alle reinsgraver innover i Lia og Finndalsfjellet om. Jakt og fiske var levekår for mange heilt til 1900 talet. Ein ser og restar etter buplassar oppi Kvammen, Åslia og Burustlia. 

Kitty kjøpte Haukdalen 1933, og budde her til sin død 1961. Kitty var gift med kunstmåleren Gustav Wentzel. Dei gifta seg i Paris 1889, og reiste til Norge for å busette seg og stifte familie. Dei reiste mykje rundt i landet for å finne motiv. Setesdalen, Hallingdal, Valdres og Gudbrandsdalen var mykje oppsøkt. I Asker budde dei til saman i 13 år. Dei bestemte seg for å skilje lag, slik at Gustav skkulle få ro til å male. Kitty levde av å skrive. Den eldste sonen gifta seg med ein jente frå Skjåk og kjøpte Høgbrenna i Lia i 1915 og budde der til dei kjøpte Furuheim samen med Gustav .W. i 1919. Bjørn - den yngste sonen - gifta seg med ei tysk dame og fløtte oppi Høgbrenna i 1920 og budde der fram til 1953  da Høgbrenna vart lagt til Teigen som tilleggsjord. Eva og Bjørn flytta saman med Kitty ned i Haukedalen. Etter at dei vart eldre, var det lettere og bu i nærleiken av kvarandre av praktiske årsaker trass i at det no ikkje alltid var like lett å ha mor og kone i same hus. Kitty Wenzel kom til Haukdalen i 1923.