Haukdalen
Kitty Wentzel
Gustav Wentzel
Eva og Bjørn
24. riksdaler
Utleige av hytter
Bokutgjevingar
Hjemmets vel

I Kitty Wentzels hage
Målarkurs 

Sjå maleri i Haukdalen

Sjå illustrasjonar/trykk
Sjå gamle foto frå Lia

Meir om Lom

Haukdalen,
Aase Marstein,
tlf. 61 21 27 46 aamarste@online.no

haukdalen058.jpg (242763 bytes)

Haukdalen 
ligg roleg og idyllisk til på solsida i Flatmogrenda i Lia i Lom. Det tradisjonssrike småbruket ligg der som eit tun av gamle, små  timbrahus omkransa av ein fargerik og frodig hage. Vi i Haukdalen kan tilby deg trivelege rusleturar i dette koselege tunet, vi kan gje deg innblikk i korleis livet til Kitty og Gustav Wentzel arta seg og vise deg måleri og arbeid av den kjente målaren. Vi tek deg med på ei vandring på den gamle skogsstigen til Furuheim, heimen og atelieet til Wentzel. På Liafjellet finn du mange restar etter gamle fangstkulturar og du har ei flott utsikt mot Jotunheimen.

Opningstider:
Haudalen er open for besøkjande etter avtale i juni, juli og august.  Servering ved besøk av grupper. Salg av rømmebrød og flattbrød.

 

boktilnett.jpg (115553 bytes)

Gustav Wentzel av Kitty Wentzell
I 2009 var det 150 år sidan Gustav Wentzel var fødd.  I høve jubileet har Haukdalen kunstnarheim gjeve ut boka Gustav Wentzel av Kitty Wentzel på nytt. Boka skreiv Kitty om mannen sin Gustav og hans kunstnarvenner og miljø frå Christiania i slutten av 1880-åra og fram til han gjekk bort i Lom i 1927. Boka viser ei rekkje av arbeida til Gustav Wentzel - delvis i fargar.  Boka kan kjøpast på bokahandelen i Lom eller den kan bestillast: Haukdalen, Aase Marstein, tlf. 61 21 27 46 aamarste@online.no  (direkte salg: kr. 400,- + frakt). 

(Nils) Gustav Wentzel, 1859-1927, var fødd i Oslo og døyde i Lom. Gustav Wentzel var mykje på reisefot den tida han budde i Asker og var fleire gonger på vitjing i Nord-Gudbrandsdalen. Tidleg på 1900-talet var han fleire turar til Vågå der han budde både på Sandbu, Kvarberg og Sve. Han hadde med seg familien på desse turane og han nytta ofte høvet til å måle. I 1915 gifta den eldste sonen Jørgen seg med Magnhild Prestjordet frå Skjåk. Dei fløtte til det vesle bruket Høgbrenna i Lia der dei budde i 4 år . Gustav var ofte på besøk og likte seg svært godt. I 1919 kjøpte han Furuheim saman med sonene, der dei bygde seg hus med atelier i andre etasje med utsikt mot Lomseggen.

 

kittybok.jpg (64544 bytes)


Fra mitt livs KARUSELL av Kitty Wentzel

Dette skreiv Kitty Wentzel sjølv da boka vart utgjeven fyrste gongen på J.W. Cappelens forlag i 1960: Nå var jeg falt for aldersgrensen i journali-stikkens brokete verden. Jeg hadde på de forskjelligste måter prøvd å tjene til livets opphold – nå var tanken på en rolig alderdom et eller annet sted oppe i en stille fjellbygd mer og mer blitt livsens alvor for meg. Jeg var blitt bondekjerring og for lengst nådd støvets alder. Kanskje det kan holde liv i meg enda en stund hvis jeg bruker alle de stille timene til å skrive – om alt og om intet.

Fra mitt livs karusell er ei reise i tid og rom, frå Paris via Christiania, Kunstnerdalen i Asker og kunstmiljøet rundt mannen Gustav til Haukdalen i Lom. Femti år etter fyrste ugjevinga har vi i Haukdalen gjeve boka ut på nytt. Boka kan kjøpast  på bokahandelen i Lom eller den kan bestillast: Haukdalen, Aase Marstein, tlf. 61 21 27 46 aamarste@online.no  (direkte salg: kr. 300,- + frakt).