Haukdalen
Haukdalen
|
Eva Margareta Kønig og Bjørn Wentzel![]() Eva og Bjørn i Høgbrenna. Eva Margareta Kønig var fødd i Berlin den 12. april 1889 og var dansepartner til Bjørn Wentzel under sevonymet Billy og Bjørn. Dei reiste rundt i Europa frå 1916 til ca 1925 da dei kjøpte Høgbrenna etter Jørgen, bror til Bjørn. "Billy og Bjørn reiste rundt omkring i Europa og hadde danseoppvisningar - mellom anna med Norse folkeviser som tema. Dei gifta seg i Sarajevo i 1916 - på same tida som dei fatale skota fall i same byen. Eva og Bjørn kjøpte Høgbrenna rundt 1925 da Jørgen og kona Magnhild flytte til Furuheim, eit bruk om lag 3 km lenger ned i grenda. Eva og Bjørn dyrka etter kvart jorda og fekk husdyr og dreiv hagestell. Bjørn heldt fram med skrivinga si i ukeblad og aviser.
Eva heldt kurs i plantefarging og veving til jentene i grenda og etter kvart som åra gjekk laga ho dåpskjolar og luer til dåpsbarn. Fleire av dei som var med på desse kursa med Eva har fortalt at dei fekk innsyn i ei heilt anna verd enn dei var vande med. Dei vart godt mottekne av noaboane og Lomværane ellers. Og dei hadde store respekt for kvarandre. Etter som åra gjekk og Kitty vart eldre, fann dei det greiast å flytte til Haukdalen til mor Kitty. Jorda gjekk til Teigen som tilleggsjord. Eit av husa vart fløtt med ned til Haukdalen som hus til Eva og Bjørn. Dei brukte da gamlestugu til felles kjøken og stove, det gamle stabburet vart bustad til Kitty. Bjørn og Eva utvida hagen, planta nye stauder og sådde sumarblomar som dei hadde med til Fossheim hotel. Dei hadde ofte besøk av sambygdingar som fekk plantar og dei fekk stundom til og med betaling for plantane og det kom sikkert godt med, da det ikkje var så lett å leve av bruket.
|