Haukdalen |
Bordets glæder Boka er i salg hjå bokhandlarane i Lom og Vågå eller den kan bestillast direkte frå meg. Det er førebels gjeve ut berre 100 eksemplar reprodusert etter Frich og Wentzel sin bok "Bordets Glæder, mat og vin til hverdag og fest" utgjeve av Steenske forlag i 1925. 185 sider. Pris Kr. 360,-. Haukdalen, Aase Marstein, tlf. 61 21 27 46 aamarste@online.no
Gustav Wentzel av Kitty Wentzell I 2009 var det 150 år sidan Gustav Wentzel var fødd. I høve jubileet har Haukdalen kunstnarheim gjeve ut boka Gustav Wentzel av Kitty Wentzel på nytt. Boka skreiv Kitty om mannen sin Gustav og hans kunstnarvenner og miljø frå Christiania i slutten av 1880-åra og fram til han gjekk bort i Lom i 1927. Boka viser ei rekkje av arbeida til Gustav Wentzel - delvis i fargar. Boka kan kjøpast på bokahandelen i Lom eller den kan bestillast: Haukdalen, Aase Marstein, tlf. 61 21 27 46 aamarste@online.no (direkte salg: kr. 400,- + frakt). (Nils) Gustav Wentzel, 1859-1927, var fødd i Oslo og døyde i Lom. Gustav Wentzel var mykje på reisefot den tida han budde i Asker og var fleire gonger på vitjing i Nord-Gudbrandsdalen. Tidleg på 1900-talet var han fleire turar til Vågå der han budde både på Sandbu, Kvarberg og Sve. Han hadde med seg familien på desse turane og han nytta ofte høvet til å måle. I 1915 gifta den eldste sonen Jørgen seg med Magnhild Prestjordet frå Skjåk. Dei fløtte til det vesle bruket Høgbrenna i Lia der dei budde i 4 år . Gustav var ofte på besøk og likte seg svært godt. I 1919 kjøpte han Furuheim saman med sonene, der dei bygde seg hus med atelier i andre etasje med utsikt mot Lomseggen.
|
||||
|